GCDG
Eg vov dei dukar, raude, blå,
EmDG
vov lilla og kvitt lin;
GDD/AG
då stod så høgt eit ljos hjå meg
G/EBm7C
i sylvkvitt stråleskin
GCDG
Eg våga lyfte augo, sjå,
EmBmC
la stunda vera mi;
GCGC
då såg eg at han bar ei lilje,
GDG
kvit, i handa si
GCDG
Då visste eg òg kven han var,
EmDG
eit bod så ageleg,
GDD/AG
send ifrå vår Skapar-Far
G/EDC
i himlane, til meg
GCDG
Eg varsla vart, ein tidleg vår
EmBmC
om noko rikt og stort,
GCGC
at livet er ei gåve som vi
GDG
får og så gjev bort
D
No renn det livet gjennom meg,
G
ei elv av ljos, ein foss,
C
snart heile verda føder eg
DG
den Sonen, inn til oss
GCDG
Ja, det er òg eit under stort
EmDG
at slik ei møy som eg
GDD/AG
kan vera dør for slik ein konge,
G/EDC
bru for slik ein veg
GCDG
No er vi snart i Davids by
EmBmC
og børa mi er tung;
GCGC
og enn eg ber ho utan sut,
GDG
for eg er sterk og ung
GCDG
Og sanneleg, sjå, Betlehem!
EmDG
Her veit eg det skal skje
GDD/AG
Men finst det rom for oss i kveld,
G/EDC
ein stad å finne fred?
GCDG
Min festarmann frå dør til dør
EmBmC
han går og bed om ly,
GCGC
men kvart eit hus er stengt for oss,
GDG
i denne manntalsby
D
Så lat det bli som det vart spådd,
G
lat stallen bli vårt rom!
C
I grotta duld, i løynde bu
DG
du skjer, Mysterium